Bergen–Voss-konferansen 2026
Ny veg- og bane Bergen–Voss
Framtidas transportløysing tar form!
Stortinget har vedtatt bygging av Norges største samferdselsprosjekt: Ny veg- og bane Arna–Stanghelle for nær 50 milliardar kroner.
Etter den vellykka K5-konferansen på Voss i fjor, inviterer me i år til ein spanande statuskonferanse som del av Vossadagane 2026.
- Voss kulturhus
- 26. mars 2026
- kl. 12.30–15.00
- Når startar byggjearbeidet? Tidslinje og milepæler
- Kva betyr dette for deg som reisende? Praktisk info om byggjeperioden
- Når kan vi bruka ny veg og bane? Realistiske estimat
- Kva skjer med del 2: Stanghelle–Voss? Framtidsutsikter
Møt beslutningstakarane:
- Toppleiinga i Statens vegvesen og Bane NOR
- Prosjektleiinga for Fellesprosjektet K5 Arna–Stanghelle
- Folkets representantar frå Stortinget, fylkestinget og kommunestyra i regionen
- Næringslivet, organisasjonar som blir påverka og kan dra nytte av prosjektet
Detaljprogram vil vera klart og blir publisert i slutten av 2025.
Konferansen er gratis og open for alle interesserte.

Vossaløysinga
– banar veg for utvikling i heile regionen
Føremålet vårt
Vossaløysinga AS er eit interessefellesskap, samansett av næringsliv, offentleg sektor, lag/organisasjonar og privatpersonar. Føremålet er å få realisert dei samferdsleløysingane som Statens Vegvesen og Jernbaneverket tilrår i KVU Arna-Voss, konsept 5 (K5). Selskapet er non-profitt, eit eventuelt overskot vil berre kunna brukast innan selskapet til beste for føremålet. Aksjonærane har ikkje høve til å ta utbyte frå selskapet.
Dette vil me
For at Vossabygda skal verta eit sterkt og interessant regionsenter for dei indre bygder – og eit reelt bustadalternativ for folk som jobbar i Bergen, trengst det veg og jernbane som er rask og trygg. Me meiner at vossaregionen har eit stort uforløyst potensiale, og at vekst i nærområdet er eit gode som kjem oss alle til nytte.

K5
– den rette vegen å gå mellom Arna og Voss
-
K5 er framtidsretta og vil gje store positive ringverknader for Voss og nabokommunane
-
K5 inneber at veg og jernbane får ei vesentleg innkorting og at traséane i stor grad vert lagt parallelt. Ei samstundes utbygging av bane og veg gjev store samordningsgevinstar og ei innsparing på ca 10 mrd kroner
-
K5 legg opp til trygge og moderne vegar med mykje bruk av midtrekkverk eller midtdelar
-
K5 gjev ei reisetid mellom Voss og Arna på ned mot 24 minuttar med tog og 46 minuttar med bil
- K5 vil i saman med Ringeriksbanen, fleire kryssingsspor og utrettingar redusera reisetida mellom Bergen og Oslo til 4 timar
Vossaløysinga samarbeider tett med K5-alliansen som er ei brei samanslutning av kommunar, næringsliv og organisasjonar som arbeider for å realisera K5 – ny E16 og oppgradert Vossebanen mellom Arna og Voss. Alliansen samlar kunnskap og løfter fram tryggleik, framkome og berekraft som hovudgrunnar for utbygging. Alliansen koordinerer innspel til statlege etatar og politiske beslutningstakarar, og legg til rette for møteplassar der fagmiljø og lokalsamfunn kan bidra. Sjå www.k5alliansen.no


Me dreg i same retning
– den rette vegen å gå mellom Arna og Voss

Slik støttar du arbeidet
Kontaktinformasjon
Styreleiar: Anders H. Lauritzen
Telefon: 916 73 013
Adresse: Evangervegen 3, 5704 Voss
Org. nr.: 915 329 683
Bankgiro: 9581.13.69110
Meld deg på vårt nyheitsbrev:
